SaueFinnaren
Det Enkle Systemet for å finne sauer i fjellet.

Dette er ei side som er laga for å beskrive systemet.
Hensikta med det, er å finne att bortkomne sauer.
Det skal vere robust og enkelt å bruke.
Det skal vere lønnsamt for bonden å bruke det.

Kva systemet er:
    Eit verktøy for å finne ut kor sauene er no, og kvar dei har vore.
Kva systemet ikkje er:
    Eit system for å administrere sauehaldet.

Systemet består av ein Klave med innebygd radio som sauene har rundt halsen. Folket som vil ha kontakt med sauene plaserar ein basestasjon i området der sauene beitar.
Denne basestasjonen er i stand til å "høyre" saue-radioar i en omkrets av ca.20Km, om det er fri sikt (dvs. opp mot 40Km frå ytterkant til yttrekant).
Basestasjonen kan og vere mobil og takast med i fjellet, den er på størrelse med ein mobiltelefon og har ei antenne som ein middels spaserstokk. Ein kan ha mange slike basestasjonar og plasere dei slik at ein får dekning der ein sjølv ynskjer.

Demo sida viser korleis informasjonen blir vist, der kvat alternativ skal gi den same informasjonen men tilpassa forskjellege lesarar (pc, mob.tlf. e.l.).
Kartet kjem ikkje opp utan at ein vil ha det, det er fordi enkelte lesarar ikkje klarar å handtere karta skikkeleg. Det skal etter kvart bli mogleg å bruke karta utan internettkontakt.

For å få kontakt med systemet vil einkvar "dings", som er i stand til å vise ei enkel nettside fungere, ein er ikkje avhengig av spesielle app'ar eller liknande for å bruke det.
Det er som ei vanleg nettside.

Ideen med utforminga på skjermen, er å vise brukaren Kvar Dyret Er, sjølv om forholda rundt kan vere vanskelege. Då er det berre to ting som tel, kva Retning skal eg gå og kor Langt er det dit dyret er. Denne informasjonen er det dette systemet skal gi. Saman med Tidspunktet for då posisjonen til dyret sist vart oppdatert, det er viktig å vite om det er ein posisjon som er 5 minutt, 2 dagar eller 10 veker gammal. Det skal vere så enkelt å bruke at det ikkje blir noken "mental tungvektsøvelse" å hugse korleis det virkar frå år til år.

Systemet er ikkje avhengig av nokon form for mobilnett, internett eller data nett for å virke (alt systemet treng av nettverk er med i systemet), det trengs heller ingen abonnement, lisensar eller andre avgifter for å bruke det. Men det er ein fordel om basestasjonane har kontakt med internettet.
Det er heller ingen grenser for kor mykje det kan brukast, bortsett frå levetida til batteria. Det vil bli to batteri alternativ.
1: 10år eller meir utan lading eller utskifting.
2: 10år eller meir, med lading ein gång i året.

Systemet er laga for å gi bonden eit verktøy for å vite kvar sauene er, og som han kan ha med seg når han skal ut og ha tilsyn med dyra eller finne dei att (levande eller daude).

Sist Oppdatert: 26/02 2019.